8. februar- Konsert & Open scene på Meieriet, Frekhaug

nordhordlandrockeklubb avatar

Konsert & Open scene på Meieriet, Frekhaug

Er du klar for å skina på scena?
Laurdag 8. februar ønskjer me velkommen til konsert og open scene, der me samlast for å ha det kjekt saman med musikk, kreativitet og god stemning!

Me stillar med alt du treng av utstyr: elgitar, elbass, akustisk gitar, elpiano og trommesett – alt klart for å gjera framferda di magisk.

Treng du å stemma gitaren, byta strenger eller finjustera noko før du går på? Kom litt tidleg, så hjelper me deg med å få alt klart før showet startar!

Korleis delta?
Er du soloartist, speler du i band, eller kanskje du har nokon beats du vil framføra? Anten du syng åleine eller speler med eit band, er du hjarteleg velkommen på scena. Her er det rom for alle sjangrar – frå hiphop, RnB til rock! Du treng ikkje kompa til musikken heller, det er opp til deg korleis du vil framføra.

Med oss på scena har me vaksne som vil hjelpa deg slik at alt går smooth når det er din tur.

Dette er kvelden der du får høve til å visa fram materialet ditt til eit heilt nytt publikum!

Meld deg gjerne på: Ved å senda oss ein e-post på kontakt@nordhordlandrockeklubb.no eller send melding her på Facebook eller Instagram med artist- eller bandnamn, kor mange de er, og kva de treng av utstyr på scena. Eller berre møt opp. 

Dette er eit ungdomsarrangement, så me ønskjer ungdom opptrer på scena.

Me gler oss til å sjå kor mange talentfulle band og artistar som vil vera med! Så kva ventar du på? Grip sjansen og bli med – me lovar det blir ein uforgløymeleg kveld!

Me har open kiosk. 
Arrangementet er gratis. 

Laurdag 8. februar 2024 
Stad: Meieriet på Frekhaug, Havnevegen 68
Dørane opnar kl. 18:30/ Konsertstart kl. 19:00
Rusfritt- Fri aldersgrense
nordhordlandrockeklubb.no

Tagged in :

nordhordlandrockeklubb avatar

More Articles & Posts