Måndag 29. april kl. 18:00 ønskjer me velkomne til årsmøte i Leven- Nordhordland rockeklubb for medlemmar med betalt kontigent. Møtet finn sted på møterommet på Knarvik bibliotek, 2. etasje vis a vis Cubus AMFI Knarvik. Årsmøtet vil vera første ordinære årsmøtet etter stiftinga av klubben oktober 2023.
Les gjerne deg opp våre vedtekter her!
Ønskjer du fremma ein sak til årsmøtet ber me få det på mail seinast innan ein veke før årsmøtet. Sakspapira vil leggast fram seinast ein veke før årsmøtet.
Dagsorden for årsmøtet
- Opning av møtet
- Godkjenning av stemmeføre
- Godkjenning av innkalling og sakspapir
- Val av ordstyrar og referent
- Val av to protokollunderskrivarar1
- Årsmelding 2023
- Årsrekneskap 2023
- Innkomne sakar
- Handlingsplan 2024-2025
- Budsjett 2024-2025
- Styreinstruks
- Fastsetja kontigent
- Val av styreleiar
- Val av andre styremedlemmer. Minimum to og ein vara.
Styret konstituerer seg sjølv.
Årsmøtet skal ikkje behandla andre sakar enn dei omtalte i sakspapira, med mindre 3/4 av dei frammøtte krev det.
Alle medlemmer har rett til å delta på årsmøte, har stemmerett og er etter eit halvt år i klubben valberre til styret i klubben.
Velkomne!