aktuelt

  • Når Meieriet kokte: Heavy Metal Kings 23. januar

    .

    23. januar vart Meieriet Frekhaug fylt til randa. Utseld konsert, høgt volum og eit publikum som verkeleg var med frå første riff til siste tone. Tusen takk til alle som møtte opp og gjorde kvelden heilt spesiell. Og ein stor takk til Heavy Metal Kings for ein knallsterk konsert som sat som han skulle. Her…

  • Etterskulertid har fått støtte frå Gjensidigestiftelsen!

    .

    Mange gode nyheiter før jul: Leven UNG – Etterskulertid har fått 30 000 kroner i støtte frå Gjensidigestiftelsen! Støtta gjer det mogleg å byggja vidare på eit tilbod som betyr mykje for ungdom i Alver: opne kreative verkstader, øvingsmoglegheiter, små konsertar, gode møte og rom for å berre vera. Tusen takk til Gjensidigestiftelsen for støtta.…

  • Spel på Leven!

    .

    Leven Nordhordland Rockeklubb er i gang med å sette vårprogrammet – og me vil gjerne høre frå band i regionen! Me arrangerer konsertkveldar i Alver og Austrheim og legg vekt på gode konsertopplevingar, lyd og eit inkluderande miljø. Bilete er frå då me arrangerte konsert i Austrheim samfunnshus. Vi er ein ideell organisasjon, så har…

  • Frifond støtte frå NKA

    .

    Woohoo me har fått Frifond støtte frå Norske konsertarrangører til Leven UNG – og det betyr meir musikk, meir liv og fleire trygge møteplassar for ungdom i 2026. Sånn som her på bilete- Bandet Strandkaien på Leven Ung, februar på Meieriet Frekhaug. Denne støtta gir oss muligheten til å arrangere gratis og rusfrie konserter, og…

  • ,

    23. jan Heavy metal Kings konsert!

    .

    På tide å spenna fast naglebelta: Heavy metal Kings, husbandet frå Den Store Heavy metal Festen på Hulen, dunderar inn på Meieriet på Frekhaug for å løfta taket og blåsa støv av alt som kan vibrera. Her får du rein, usminka heavy metal og hardrock frå 80-talets glansdagar – med frekke sveip innom både tiåret…

  • Bilete frå Electric High 8.11

    .

    Wow for ein kveld me hadde på Meieriet Frekhaug laurdag når Electric High slapp sitt nyaste album «Free to go». Det blei skikkelig rock. Sjekk ut albumet om du ennå ikkje har gjort det. Tusen takk for konserten!

  • 13.12- konsert med Bunnfall, The Victim Souls og Übertøs

    .

    Tradisjonen tru held Leven Nordhordland rockeklubb leven før jul, med ein litt mer rocka julekonsert. Få med deg Bunnfall, The Victim Souls og Übertøs laurdag 13. desember på Meieriet, Frekhaug! BunnfallBunnfall er en kompakt duo som spiller primal og minimal rock som kan inneholde spor av surf, blues, punk og garasje. ÜbertøsEtter eit våropphald i…

  • ,

    13.9- Open scene & kreativt verkstad på Austrheim Samfunnshus

    .

     Leven Nordhordland Rockeklubb kjem til Austrheim!  Er du klar for å skina på scena?Laurdag 13. september inviterer me til konsert og open scene – ein kveld fylt med musikk, kreativitet og god stemning.  Alt utstyr klart!Elgitar, elbass, akustisk gitar, elpiano og trommesett står klart til bruk.Treng du å stemma gitaren, byta strenger eller finjustera noko…

  • ,

    Leven UNG- Konsert & Open scene 10. mai

    .

    Er du klar for å skina på scena?Laurdag 10. mai ønskjer me velkommen til konsert og open scene, der me samlast for å ha det kjekt saman med musikk, kreativitet og god stemning! Me stillar med alt du treng av utstyr: elgitar, elbass, akustisk gitar, elpiano og trommesett – alt klart for å gjera framferda…

  • Infomøte om Leven UNG 23. april

    .

    – BLI MED Å ARRANGERA KONSERTAR! infomøte om Leven UNG der ungdom kan bli med å arrangera konsertar og andre musikk arrangement! Vi serverar PIZZA! Me søkjer ungdom frå 14 år og oppover som vil læra meir om musikk, konsertarrangering, booking, marknads-føring, i tillegg til å få nye venner og erfaring som er fin å…

  • Vil du stå på scena under tribute-kveld på Meieriet?

    .

    Leven Nordhordland Rockeklubb inviterer til ein storslått tribute-kveld på Meieriet, Frekhaug, den 15. februar 2025! Er du og bandet ditt klare til å hylla deira musikalske favorittar? Dette er ei fantastisk moglegheit til å visa fram talentet deira, spela for eit entusiastisk publikum og bli ein del av ein kveld fylt med rock og god…

  • ,

    Bilete fra julekonsert 13.12.24

    .

    Godt nytt år! Me startar året med eit par bilete frå julekonserten me hadde i desember. For ein stemningsfull kveld! Ein stor takk til alle som tok turen og til banda som spelte nydeleg musikk. Takk til Bellefolie, Linn Haaland og Stíne Norse. Foto: Atle Sælen