Leven UNG: Halloween feiring og open scene!

nordhordlandrockeklubb avatar

Velkomne til Halloween feiring og open scene med Leven UNG! 

Laurdag 2. november kl. 19:00- 22:00.

Bli med på halloween feiring! Me riggar til med musikkutstyr på scena, dekorar lokalet og held open kiosk. Arrangementet er gratis. Premie til beste kostyme og beste innslag på scena!

Open scene
Me riggar til scena med trommesett, gitar- og bassforsterkar, piano og PA til vokal. I tillegg har me med eigen elgitar og bass ein kan spela på. Me hjelper til med å rigga til om ein treng det. Speler du ikkje instrument, men har lyst å syngja ta med låten du vil syngja på mobil eller PC så fiksar me resten.
Premie til beste innslag på scena. 

Kostyme?
Vil du gå all inn er det berre å kle seg ut i kostyme. Den med beste kostyme vinn premie. 

Velkomne til ein kjekk kveld med musikk og halloween i Knarvik. 
Arrangementet er rusfritt og passar for ungdom 13- 20 år. 
Arrangementet er gratis. 

Tagged in :

nordhordlandrockeklubb avatar

More Articles & Posts