Liker du musikk? Skulle du ønskja det var fleire konsertar for dei under 18 år? Då er Leven UNG noko for deg!
Leven- Nordhordland rockeklubb har ein eigen arrangør gruppe for ungdom frå 14 år; Leven UNG. Dei skal som skal laga spennande konsertar og arrangement for musikkinteressert ungdom i Nordhordland. Vil du vera med?
Onsdag 5. juni kl 16:30 blir det pizza og idemyldring. Me vil snakka om kva av arrangement ein ønskjer seg til hausten. Open scene, ulike artistar – her kan ein kome med ulike forslag. Me har og nokon billettar til fredagen på Eggstock festivalen for dei som ønskjer la seg inspirera av andre ungdomsarrangører.
Leven UNG vil arranger 4-6 konsertar i året, med låge billettprisar og fri alder. Leven UNG skal arrangera det ungdommen ønskjer, så her blir det musikk innan for mange ulike sjangarar. I tillegg til å arrangera arrangement, vil ein også kunna delta på konferansar, kurs og fagdagar om konsertarrangering.
I Leven Ung kan ungdom læra meir om musikk, konsertarrangering, rigging av scener, styring av lyd og lys, booking, marknadsføring, i tillegg til å få nye venner og erfaring som er fin å ha med på CV-en.
På Leven Ung kan ungdom dela deira erfaringar og innsikt i dei lokale ungdomsmiljøa, og laga kjekke ungdomsarrangement dei sjølv har lyst å delta på.
Ønskjer du bli med? Møt opp på møtet eller ta kontakt med oss kontakt@nordhordlandrockeklubb.