Liker du musikk? Skulle du ønskja det var fleire konsertar for dei under 18 år? Då er Leven UNG noko for deg!
Leven- Nordhordland rockeklubb set opp ein eigen arrangør gruppe som skal laga spennande konsertar og arrangement for musikkinteressert ungdom i Nordhordland. Vil du vera med?
Me søkjer ungdom frå 14 år og oppover som vil læra meir om musikk, konsertarrangering, booking, marknadsføring, i tillegg til å få nye venner og erfaring som er fin å ha med på CV-en. Leven UNG vil arranger 4-6 konsertar i året, med låge billettprisar og fri alder. I tillegg til å arrangera arrangement, vil ein også kunna delta på konferansar, kurs og fagdagar om konsertarrangering.
Musikk- og kulturfeltet er avhengig av ei brei rekruttering for å utviklast, der ein har gode og tilrettelagde arenaer for talentutvikling. Dei unge talenta treng ei scene å stå på. Dei treng ei scene i bygda dei kjem frå. Dei treng ein stad å byggja erfaring, det får dei på vår scene.
I samband med prosjektet «Leven UNG» ønskjer ungdommar som vil vera med i ei eigen prosjektgruppe som skal jobba med Leven UNG. Der kan dei dela deira erfaringar og innsikt i dei lokale ungdomsmiljøa, og laga kjekke ungdomsarrangement dei sjølv har lyst å delta på.
Me inviterar til oppstartsmøte måndag 26. februar på Meieriet, Frekhaug kl. 18.
Her blir det pizza og info om korleis ein arrangerar konsert og idemyldring rundt arrangement.
Fyrste konsert er alt 15. mars 2024- åpen scene på Meieriet, Frekhaug, Alver kommune.
I forkant av konserten treng ein folk til å marknadsføra arrangementet: dela på SOME og henge opp plakatar. Under konserten treng ein trivselsvaktar, backstage ansvarleg, riggar av musikkutstyr, fotografering m.m. Her får ein mass
Ønskjer du bli med? Møt opp på oppstartsmøte 26. februar kl. 18 eller ta kontakt med oss kontakt@nordhordlandrockeklubb.