Tysdag 29. april hadde Leven- Nordhordland rockeklubb sitt fyrste årsmøtet.
På årsmøtet blei ny handlingsplan vedtatt og me fekk på plass eit heilt nytt styret.
Victoria forsett som styreleiar, øvrige styret består av Anna, Atle, Sondre, Rigmor, Leo, Tobias. 1. vara er Tom Eddie.
Me takka av Bjørnar for innsats i det gamle styret.
Ny handlingsplan for 2024- 2025 for Leven- Nordhordland rockeklubb
Tiltaka i handlingsplanen vil skje innanfor rammene som blir lagde av Leven-Nordhordland rockeklubb budsjettet sitt.
Leven-Nordhordland rockeklubb definerer sitt virkeområde innanfor Alver, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Gulen Osterøy og Modalen.
Hovudmål 1
Leven-Nordhordland rockeklubb skal levera konsertar og arrangement for innbyggjarane i regionen Nordhordland.
Delmål
1.1 Leven skal i perioden arrangera konsertar også utanfor Frekhaug i Alver kommune.
1.2 Leven skal i perioden jobba for å rekruttera fleire lokale band og artistar til scena.
1.3 Leven skal fortsette å ha fokus på likestilling på scena og tenkje mangfold.
1.4 Leven-Nordhordland rockeklubb skal være ein aktiv samarbeidspartnar med lokale aktørar.
Hovudmål 2
Leven-Nordhordland rockeklubb skal jobba for å skapa gode arrangement for ungdom i regionen gjennom Leven Ung.
Delmål
2.1 Leven skal arrangera arrangement for ungdom med fri aldersgrense.
2.2 Leven skal oppretta ein ungdomsarrangør gruppe med fokus på ungdomsmedverknad, rekruttering og kompetanseheving for ungdom.
2.3 Leven skal rekruttera ungdomsband til å spela på Leven Ung.
Hovudmål 3
Leven-Nordhordland rockeklubb skal skapa møteplassar for musikarar i regionen og bidra til kompetansehevande tiltak.
Delmål:
3.1 Leven skal arrangera nettverkstreff for musikarar i regionen.
3.2 Leven skal jobba for å tilby gode og relevante musikkurs for å sikre rekruttering til musikkscena i regionen.
3.3 Leven skal arrangere open scene, som ein rekrutteringinstans.
Hovudmål 4
Leven-Nordhordland rockeklubb skal arbeide for å rytmisk musikk i regionen vår.
Delmål:
4.1 Leven skal vera representerte på bransjetreff og fremma Nordhordland.
4.2 Leven skal delta aktiv i debatten om kulturhus, øvingsfasilitetar for band og gode konsertarenaer for band i regionen vår.
4.3 Leven skal halda seg oppdatert på kva som skjer innanfor kultur i regionen og aktiven vår skaffa seg kompetanse om lokale forhold.
Hovudmål 5
Leven-Nordhordland rockeklubb skal vera ein aktiv medlemsorganisasjon.
Delmål:
5.1 Leven skal ha ein stor og representativ medlemsmasse på minimum 120 medlemmer.
5.2 Leven skal kunne bidra til felles synliggjøring av medlemmene.
Hovudmål 6
Leven-Nordhordland rockeklubb skal vera ein organisasjon i utvikling
Delmål:
6.1 Leven skal kontinuerleg evaluera eiga drift.
6.2 Leven skal ha gode arbeidsforhold og eit godt arbeidsmiljø for frivillige.
6.3 Leven skal aktiv søkja kompetanseheving for sine frivillige.