Leven- Nordhordland rockeklubb er ein nyoppstarta medlemsorganisasjon
i Nordhordland, med hovedbase i Alver. Klubben vart stifta oktober 2023.
Leven- Nordhordland rockeklubb ønskjer vera med å skapa gode kulturopplevingar og
møteplassar som bidreg til attraktive bygder og lokalsamfunn, lokalidentitet, og felles opplevingar.
Leven- Nordhordland rockeklubb er ein frittståande, idealistisk kulturorganisasjon
som skal fremja gode kulturelle møteplassar for innbyggjarane i Nordhordland,
både i eigen regi og i samarbeid med lokaleaktørar.
I vedtektene våre har me vedtatt at me bl.a skal:
- vera ein møteplass for nye utøvar, profesjonelle utøver og ulike lokallag
i regionen, ved å skapa arrangement og aktivitetar i alle delar av regionen. - fremja mangfald og likestilling i sitt kunstnariske virke, derav alltid streva
femti-femti etter kjønnsbalanse på utøvarsida. - fremja nynorsken i vårt virke.
- vera ein organisasjon som jobbar miljøvennleg og berekraftig i vårt virke.
- jobba for å levera gode kulturopplevingar og til barn og unge
under 26 år i regionen.
Rekrutteringsarena for musikere
Musikk- og kulturfeltet er avhengig av ei brei rekruttering for å utviklast, der ein har gode
og tilrettelagde arenaer for talentutvikling. Dei nye talenta treng ei scene å stå på.
Dei treng ei scene i bygda dei kjem frå. Dei treng ein stad å byggja erfaring,
det får dei på scenen til Leven- Nordhordland rockeklubb.
Klubben skal vera både for nybegynnare og dei meir profesjonelle. Me skal vera den fyrste
scena musikarne står på, så vel som den scena ein nyttar når en er meir proff.
Med Manger folkehøgskule som har musikkfag, aktive kulturskular, aktivt korps miljø,
har regionen eit allereie godt musikkmiljø. Leven- Nordhordland rockeklubb sin visjon
byggjer vidare på dette. Sjølv om hovudnedslagsfeltet vårt vil vera rytmisk musikk,
ønskjer me framme alle sjangrar.
Leven- Nordhordland rockeklubb har vedtektsfesta at me skal jobba for mangfold
og likestillling. Me veit at me må vera på for å betra kjønnsbalansen, likestilling og
mangfald innanfor musikk- og kulturfeltet. Det viktigaste klubben gjer er å leggja til
rette for at god musikkutøving og talentutvikling kan skje innanfor trygge rammer,
at me er vårt ansvar bevisst, og jobbar for at det breie mangfaldige samfunnet me lever i,
bidrag til at alle kan finn si veg inn og plass i kultur- og musikklivet.
Ein regional konsertarrangør
Leven Nordhordland rockeklubb vil arrangere sine konsertar på ulike scenar i regionen,
i 2024 vil me ha flest konsertar og klubbkveldar i Alver kommune for å bygge opp kompetanse
på gjennomføring av konsertar og klubbkveldar med nye frivillige.
Vår visjon er å skape aktivitet i dei ulike bygdene ved å booka oss inn på lokaler til bygdalag,
ungdomslag og grendalag. Det kan og bli aktuelt å knytta til oss dei under avvikling.
Me veit at det er mange lokaler i regionen, som gjerne ikkje blir nytta i stor grad til kultur
og me ønskjer derfor skape aktivitet i bygdene, med gode kulturopplevingar og gode møteplassar.
En kulturaktør i UNESCO biosfæreområde
Leven- Nordhordland rockeklubb er unikt plassert i UNESCO biosfæreområde, det første
i Noreg. Nordhordland er velta ut som eit UNESCO biosfæreområde fordi regionen på ein
framifrå måte kan stå som modellområde, både for det historiske og det moderne
kystlandskapet i Noreg. Og lokalisert i dette unike biosfæreområde tek klubben med seg
visjonen om berekraftig utvikling inn i korleis klubben blir drifta.
I praksis betyr dette å tenkja berekraft og ta miljøomsyn i dei valene me tar.
Klubben har si virke i ein region der ein må køyra for det meste. Me vil likevel i frakt av
artistar og frivillige vera klar over karbonavtrykket vårt, velja elbil der me kan og oppmoda
til kollektiv transport.
Gjenbruk er viktig, derfor ønskjer me bruka mest mogleg materiell som er mogleg å bruka
fleire gonger. Der dette ikkje lèt seg gjera skal me jobba aktivt for å resirkulera slik at
materielle kan gjenvinnast. Me skal avgrensa talet på trykte marknadsføringsmaterial
og heller satsa digitalt. Me må støtte opp under lokalt næringsliv, derav tenkje kortreist.