Fredag 16. februar kl. 19:00
Billettpris: 100 kr ikke medlem / kr. 70 for medlemmer
18 årsaldergrense- vergeordning for dei under
Etter ein episk opningskonsert på Meieriet, Frekhaug skal me halda fram med å skapa Leven i regionen vår og fredag den 16. februar kl. 19:00 blir da open scene!
Kva musikkprosjekt er det som blir laga i låvar, garasjar og øvingslokale her ute? Kva sjangrar er det strilane soknar til? Dette er det gylne høvet dykkar til å stå på ei scene og for publikum er dette moglegheita for å oppdaga lokal musikk!
Leven- nordhordland rockeklubb vil skapa ein arena for musikarar og andre musikkinteresserte som vil visa musikken for eit publikum, treffa nye venner, folk å arrangera konsertar med, eller andre å spela med.
Ta deg turen på den opne scena vår for å spela med andre og oppdaga ny, lokal musikk!
Me legg opp til open scene, der ein får høve til å visa fram materialet sitt til eit nytt publikum. Merk at me tillèt ikkje playback, så ein må kunne kompa til musikken.
For å skapa blest om musikarane og arrangementet ønskjer me gjerne at du melder deg på ved å senda ein e-post til oss kontakt@nordhordlandrockeklubb.no. Skriv bandnamn, kor mange dykk er og kva dykk treng av utstyr på scena.
Så veit me kor mange band og artistar som kjem ![]()
Obs! Alle som speler må også ha gyldig billett til arrangementet!




