13.9- Open scene & kreativt verkstad på Austrheim Samfunnshus

nordhordlandrockeklubb avatar

🎶 Leven Nordhordland Rockeklubb kjem til Austrheim! 🎶

Er du klar for å skina på scena?
Laurdag 13. september inviterer me til konsert og open scene – ein kveld fylt med musikk, kreativitet og god stemning.

🎸 Alt utstyr klart!
Elgitar, elbass, akustisk gitar, elpiano og trommesett står klart til bruk.
Treng du å stemma gitaren, byta strenger eller finjustera noko før du går på? Kom litt tidleg, så hjelper me deg med å få alt i orden før showet startar.

🎤 Korleis delta?
– Soloartist eller band?
– Vil du framføra eigne låtar eller berre testa scena?
– Frå hiphop og RnB til rock – alle sjangrar er velkomne!

Du vel sjølv korleis du vil framføra – med eller utan komp. På scena har me vaksne som hjelper deg slik at alt går smooth når det er din tur. Dette er kvelden for å visa fram musikken din til eit nytt publikum!

🎨 Kreativt verkstad
Under kvelden kan du også laga ditt eige handlenett.

🍫 Praktisk info
– Open kiosk
– Gratis inngang
– Rusfritt & fri aldersgrense

Laurdag 13. september
Dørane opnar kl. 18:00

👉 Dette er eit ungdomsarrangement, og me ønskjer spesielt at ungdom står på scena.
Me gler oss til å sjå kor mange talentfulle band og artistar som blir med – grip sjansen og bli med på ein uforgløymeleg kveld!

Leven UNG er støttet av Vestlands fylkekommune,
BUFDIR, Frifond og Alver kommune.

Tagged in :

nordhordlandrockeklubb avatar

More Articles & Posts