Praktisk info: Meieriet Frekhaug

nordhordlandrockeklubb avatar

Praktisk info: Meieriet Frekhaug. Google link her: https://maps.app.goo.gl/CEjEuKn5RPmQa4XQ6 Sjå vedlagt kart over området.

🚗Reint praktisk tek det 8 min å køyra frå Knarvik til Frekhaug, mens det frå Bergen er ein 28 min køyretur på E39 nordover. Det er rikeleg med parkeringsplassar i området, så ein finn alltids eit lovleg og gratis stad å parkera.

🚌Som dei miljømedvitne rockarane me er ønske me gjerne informera om at konseptet buss er her ute og, i alle fall for nokon av innbyggarne. Me tillèt oss å dela funna våre frå ruteplanleggjaren til skyss: Til Frekhaug- Med buss linje 300 frå Bergen busstasjon til Knarvik eller med linje 300 frå Knarvik til Bergen: byte på Flatøy til den bussen bussjåføren seier køyrar til Frekhaug. Spennande!

Heim att: Det går buss frå Frekhaug til Knarvik, via Flatøy, 23:16.

Skal ein vidare til Bergen går det nattbuss frå Frekhaug til Bergen kl. 22:24.

Det går og nattbuss seinare enn dette, men me stengjer kl. 23, så det gidd me ikkje nemna her.

Tagged in :

nordhordlandrockeklubb avatar

More Articles & Posts